Byvandring i Treungen sentrum
Treungen brygge kl. 16.30: Bli med på ein rusletur i Treungen sentrum der du blir med på ei spanande reise som handlar om opp- og nedgangstider, jobbetid og finanskriser, handel og vandel, storbrannar og ulykker. Du får også eit innblikk i arkitektur og byggjeskikk, dampbåtar og jernbane og ikkje minst; folkeliv og historie.
30,- per pers. Byvandrarguide: Harald Valle.
Dato: 14.06, 02.07, 30.07.
(Grupper kan bestille guida byvandring utanom desse datoane på turistinformasjonen i Treungen.)

Harald Valle er guide under byvandringa i Treungen.
Bildet er frå fyrste vandring sommaren 2009.
Ved Kilenhuset.