Facebooklogo
MenySeparator
MenySeparator
MenySeparator
MenySeparator
Skriftstørrelse:A A A?
Endre skriftsstørrelsen på siden ved å velge en av de 3 forhåndsvalgte størrelsene.

Du kan også bruke vanlig zoom funksjon i din nettleser ved å holde ctrl-tasten nede samtidig som du trykker + eller -
MenySeparator

Ordførarens side

Eg har tru på at 2013 blir eit hendingsrikt år i Nissedal kommune. Ei rekke gode vedtak er gjort i 2012, der mange av vedtaka skal realiserast i år.

Eg ynskjer spesielt å framheve den store satsinga på tomteetableringar som skal gjennomførast i år, basert på det gode arbeidet som Bu & Næringsutvalet gjennomførte i fjor.
Det arbeidet har også resultert i at me på vårparten 2013 vil få ei sak som vil synleggjere mogligheitene me har for å få realisert nye attraktive prøvebustadar i kommunen.

Elles blir det svært spennande å sjå planane for bygging av trimrom som skal kome i vår, folkehelse er me gode på i Nissedal og eg er sikker på at dette vil auke aktiviteten ytterlegare.
Det blir også eit lyft for skulane i 2013.  Det flotte arbeidet som blir gjort i kommunen med tilpassa opplæring, er eit arbeid eg har stor tru på vil skape ein enda betre skule for våre ungar.

Omsorg for dei eldste har hatt eit svært stort fokus i Nissedal kommune i mange tiår, og dette vil halde fram.
Bruken av og behovet for dei fire nye store romma på omsorgssenteret vil bli interessant å fylgje,. Eg har stor tru på at desse vil vere med på å gje eit ytterlegare kvalitetslyft i dette tenestetilbodet.

Kultureininga har også blitt styrka, og eg håpar dette vil gje eit endå betre og breiare tilbod i 2013.

Den store satsinga på vatn og avløp til Gautefallheia som Nissedal kommune gjer saman med Drangedal kommune gjeng vidare. Arbeidet har hatt ein svært god start, der me er så heldige at me har lokale entreprenører som har kompetanse, og som er konkurransedyktige til å gjennomføre slike store prosjekt.

Det kommunale samarbeidet mellom dei to kommunane er svært godt og det er dyktige folk frå kommunane som har styringa med dette store prosjektet.

Eg håpar at videooverføring av kommunestyremøta vil vere på plass om ikkje lenge. Då kan du lettare oppleve det politiske livet i Nissedal kommune.

Eit vidare godt nytt år


Helsing

Halvor Homme
Ordførar i Nissedal

Sist oppdatert 21.01.2013


Ordførar Halvor Homme

Halvor Homme
Ordførar
Telefon: 35 04 84 01
Mobil:
90 77 77 57
Send e-post

Flytte til Nissedal