English
MenySeparator
MenySeparator
MenySeparator
MenySeparator
Skriftstørrelse: A A A
MenySeparator

Frivilligsentral

Til alle innbyggjarar i Nissedal kommune.

I 2009 fekk Nissedal kommune godkjent søknaden om å starte Frivilligsentral. Denne er nå så smått i gang.
Offisiell opning vil bli i mars, her vil alle bli invitert som har lyst å høyre om - og vere med i den type arbeid.

Nissedal frivilligsentral er kommunalt eigd og har klare retningslinjer for dagleg drift.
Formål for sentralen er nasjonale føringar:(Sitat frå kulturdepartementet.)

  • Frivilligsentralen skal vere ein lokalt forankra møteplass som er open for alle med lyst til å vere med på frivillig verksemd.
  • Sentralen skal utviklast av dei menneska som er knytte til sentralen.
  • Sentralen skal vere kraftsenter og kontaktpunkt for menneske, lag, organisasjonar og det offentlege.

  1. Du kan kome med ynskje om ting du vil bidra med eller du treng hjelp til.
  2. Sentralen kan ikkje betale for tenester eller få penge inn for ei teneste.
  3. Sentralen er eit supplement til offentleg verksemd.
  4. Sentralen kan ikkje overta det gode frivillige arbeid som er i kommune frå før, men kan vere med å supplere og koordinere arbeidet. Dette er svert viktig.

I Nissedal kommune fins det utruleg mykje fint frivillig arbeid, og oppgåva for sentralen blir da å koordinere alle idear som kjem frå deg, som har lyst å vere med.

Idear som er koordinert i andre sentralar:

  • Plenklypp
  • Snømåking
  • Barnepass
  • Kiosk
  • Handle for andre
  • Turar
  • Sjåfør
  • Kafe
  • Diverse kurs
  • Parkeringsvakt
  • Og mykje meir

Her er det mange moglegheiter. Kom innan om og ver med starte noko nytt og spennande - vi får det bare til saman.

Beste helsing
Ellen Margrethe Garn
Dagleg leiar

Sist oppdatert 23.11.2011