Facebooklogo
MenySeparator
MenySeparator
MenySeparator
MenySeparator
Skriftstørrelse:A A A?
Endre skriftsstørrelsen på siden ved å velge en av de 3 forhåndsvalgte størrelsene.

Du kan også bruke vanlig zoom funksjon i din nettleser ved å holde ctrl-tasten nede samtidig som du trykker + eller -
MenySeparator

Trygge Nissedal

Eit trygt nærmiljø der alle er aktive i utviklinga av lokalmiljøet.

Logo Folkehelseprogrammet

Trygge Nissedal er ein del av Folkehelseprogrammet for Nissedal kommune.

Folkehelse er alle opptatt av. På fylkesnivå arbeidast det med ny strategiplan for folkehelse. Det har kome ny folkehelselov samt ein samhandlingsreform, som har vore i gang sidan 01.01.2012.

Vi har ein stor fin "puls" i Nissedal. Her er oppretta frisklivstilbod med fokus på kosthald, røykeslutt og fysisk aktivitet.
Vi har fine tilbod frå fysioterapeuten.

Det er veldig aktive idrettslag. Vi har gode tilbod for bruk av bassenget med undervisning på fritida og trim i vatn for eldre samt gågrupper og anna trim via helselaget.

Ny styringsgruppe for Trygge Nissedal.

I samband med nye love og forskrifter har vi oppretta eit folkehelseråd.

Desse er medlemmar:

  • ordførar
  • skulehelsetenesta
  • kommunelege 1
  • kultur/ barnas representant
  • politi
  • folkehelsekoordinator

Samarbeidsgruppa for Trygge Nissedal er stadig Nissedal helselag, Røde kors og Felle idrettslag samt representant for det frivillige arbeidet i Nissedal.

Det er ei flott gruppe som stiller opp når det trengs. Takk for det.

For tida jobbar vi med trafikktryggleik i heile kommunen. Vi blei i 2011 godkjent som trygg lokalsamfunn ut frå WHO sine kriterier. Det er Skadeforebyggende forum som har mynde til å godkjenne. Vi har tett samarbeid med Skadeforebyggende forum .

Vi vil i samband med fokus på trafikktryggleik bruke samarbeidet med Trygg Trafikk og politi for alt kva det er verd.

Område som er aktuell er siktrydding. Her kviler eit ansvar hos både private og det offentlige. Både sommar som vinter.

Det kan vere lurt å sjå om hekken har blitt for stor i løpet av sommaren.

Vi vil og sjå på hastigheit og gangfelt samt universell utforming i det offentlige rom.

Universell utforming er eit fokusområde som og ligg under Trygge Nissedal.

Noreg skal etter overordna planer vere universelt utforma til 2025.

Det gjeld både det offentlege rom og det private næringsliv.

Alle skal kunne kome fram uansett om de brukar rullestol, rulator, barnevogn, er svaksynt eller høyre dårleg.

Har du stader i kommunen, som du meiner vi bør ha ekstra fokus på ta då kontakt med teknisk ved Ole Johny Roalstad eller folkehelsekoordinator ved Ellen Margrethe Garn.

Sist oppdatert 24.04.2014