Kostra
Dei viktigaste datoane i samband med KOSTRA (KOmmune-STat-RApportering) til SSB (Statistisk Sentralbyrå) er:
15. januar: frist rapportering sensitive data
15. februar: frist rapportering ikkje-sensitive data
15. mars: SSB offentleggjer nykjeltal
15. april: frist revidera innrapportering
17. juni: SSB offentleggjer oppretta nykjeltal
Tala vert offentleggjort på SSB si KOSTRA side
Nykjeltala femnar om kommunale rekneskap og tenestedata for områda barnehage, grunnskule, kommunehelseteneste, pleie- og omsorg, sosialkontor, VAR, kulturminne, natur og miljøvern, kultur, samferdsel og brann- og ulykkesvern.
Dataene attendeførast til brukarane gjennom ei tredela inndeling:
Nivå 1 - Utvalde og aggregerte nykjeltal
Nivå 2 - Detaljera nykjeltal
Nivå 3 - Grunnlagsdata
Utvalde og aggregerte nykjeltal er tiltenkt administrative og politiske leiarar og andre interesserte som treng oversikt og hovudtal for områda. Detaljera nykjeltal er i hovudsak tiltenkt sektoransvarlege og sakshandsamarar i kommune/fylkeskommune og andre interesserte som ynskjer å gå djupare inn i eit eller fleire områder i kommunal sektor. Grunnlagsdata er tiltenkt brukarar som kan gjennomføre eigne analyser.
Sist oppdatert 23.11.2011