Reglar for utnytting av areal rundt campingvogner på campingplassar i Nissedal kommune
Vedteke i kommunestyre den 14.04.2011, sak 39/11.
1. Tiltak i tråd med vedtekne retningsliner skal i alle høve avklarast med campingplasseigar. Kvar enkelt campingplasseigar kan ha ”strengare” reglar enn det vedtektene tilseier.
2. Golv i fortelt og utvendig terrasse skal saman ikkje overstige 30 m2.
3. Maksimal høgde på golv og terrasse må ikkje vere over 50 cm. Målt frå gjennomsnittleg terrenghøgde rundt golv/terrasse og til overkant golv/terrasse.
4. Det kan byggast levegg/skjermvegg med høgde inntil 1,80 meter i ei lengde på maksimalt 3,00 meter.
5. Det kan byggast rekkverk med maksimal høgde på 0,7 meter.
6. Standard fortelt i stoff kan settast opp. Tilbygg må tilpassast vogna i materialval, form, farge (Isocamp eller tilsvarande) og vere i sikker konstruksjon. Det er ikkje lov med eigenprodusert plassbygd tilbygg. Storleik fortelt eller tilbygg må ikkje overstige 15 m2.
7. Det må settast strenge krav til utsjånad på det som gjerast rundt campingvognene. Dette vil vere campingplasseigar sitt ansvar å ettersjå.
BRANNVEDTEKTENE ER OVERORDNA DESSE REGLANE
Sist oppdatert 06.01.2012