Kino
Bygdekinoen har framsyning på Fleirbrukshuset i Treungen. Kinodagen er annankvar onsdag, oddetalsveker.
Vi har kiosk som er ope når det er kino med eit godt utval av drikke og snacks.
Det er ikkje høve til å bestille billettar på førehand.
Kva som står på plakaten, blir presentert som nyheiter her på kultur sine sider. Det blir hengt opp plakatar på førehand. Du kan også klikke inn på heimesida til Bygdekinoen.
Velkomen til ei hyggeleg kinooppleving i Fleirbrukshuset.
Kven har lov til å vise film?
Lurar du på om du har lov å vise film på ei offentleg tilstelling eller liknande? Lov om film og videogram og forskriftene som høyrer til seier i korttekst at det ikkje er lov å vise DVD/VHS i offentlege samanhengar. For å ha lov til å vise film må ein ha konsesjon, som blir gjeve av kommunen. Ein må også ha rettane til filmen, og ein har berre lov å vise 35 mm film. I praksis vil det seie at det er berre kinoane som har høve å halde filmframsyningar.
Foto: Tone Reinholt
Sist oppdatert 17.02.2012