SKUGGENATTEN OPP - laurdag 5. juni 2010
Arrangørane av motbakkeløpet Skuggenatten Opp kan vere stolte av god gjennomføring, stor deltaking, fine premiar og god merking. Me gler oss til nytt løp neste år!
 Foto: Jørgen Solberg |
I strålande solskin vandra 110 personar i turklassa opp til toppen av Skuggenatten laurdag 5. juni. Etter dei kom 70 spreke kvinner og menn i konkurranseklassa oppover dei bratte svaene. Beste tid fekk Jan Olav Tjønneland frå Viksdalen IL med 27.03, berre eitt sekund før langrennsløparen Svein Olav Utistog frå Vinje IL. Men mest imponerande var kanskje innsatsen til han som kom på tredjeplass i herreklassa. 15 år gamle Ole Petter Fjeld frå Oseberg Skilag passerte måolstreken på tida 27.20! I dameklassa var Brita Cecilie Mustad frå NORCEM Bil suveren med tida 30.47. Andreplassen tok Tone dalen frå Vegårdsheia IL med tida 33.53. Men også her var det ein sprek 15-åring som kapra tredjeplassen: Hedda Lundeberg Aas frå Skraphedin IL sprang opp på 34.34! |
 Foto: Tone L. Reinholt |
Gratulere til alle spreke utøvarar og alle spreke turgåarar som fekk ein fantastisk dag i strålande sol. Arrangørane frå Treungen IL har arbeidd godt med marknadsføring og alle dei praktiske detaljane som må på plass for at eit slikt løp skal bli perfekt. Mannen bak ideen, Olav Nilsen, har grunn til å vere stolt. Idrettslaget har fått god hjelp frå Nissedal kommune via eining for kultur, Trygge Nissedal og turistinformasjonen. I tillegg stilte Nissedal Røde Kors opp langs løypa. Sponsorane var rause med gåvene: Trygge Nissedal/folkehelseprogrammet sponsa med jakker, Treungenfestivalen delte ut fleire festivalpass, MX Sport stilte med flotte Bergans tursekkar og Sparebanken Sør delte ut drikkeflasker til alle yngre turgåarar. Som sagt: Me gler oss til neste års arrangement og kryssar fingrar for fint ver. |
Klokkene stillast før start. Foto. Jørgen Solberg
Tett innspurt på Jan Olav Tjønneland og Svein Olav Utistog. Foto: Jørgen Solberg.
Brita Cecilie Mustad blei beste kvinne. Foto: Jørgen Solberg
Cato Larsen (69) var eldste deltakar frå Treungen IL i konkurranseklassa. Han fekk tida 45,12. Eldste deltakar av alle var Kåre Hafskjold (71) frå Kviteseid IL - tid: 49,11. Foto: Tone L. Reinholt
Beste nissedøl: Tor Gunnar Homme frå Treungen IL på tida 35,43. Foto: Jørgen Solberg
Godt med drikke etterpå. Foto. Tone L. Reinholt.
Mannen bak Skuggenatten Opp-ideen: Olav Nilsen. Foto: Tone L. Reinholt
God stemning i målområdet ved Treungen IL sitt klubbhus. Foto: Tone L. Reinholt
Sist oppdatert 15.06.2010