Heimehjelp
Praktisk bistand til daglege gjeremål i heimen, reingjering, handling m.m. For dei som ikkje lenger er i stand til å utføre dette sjølv.
KVEN KAN FÅ HEIMEHJELP?
Alle innbyggjarar som bur i Nissedal kommune og har eit særleg hjelpebehov grunna sjukdom, funksjonshemming, alder eller andre årsaker.
TENESTA SITT INNHALD:
Desse arbeidsoppgåvene kan me gje på bakgrunn av ei individuell vurdering:
- Reingjering av bustadrom som er i dagleg bruk av mottakaren av tenesta
- Støvsuging
- Sengeskift ved behov
- Oppvask
- Klesvask
- Vask av glas i normal høgde to gonger per år
- Andre særlege oppgåver etter ei individuell vurdering
Desse arbeidsoppgåvene inngår ikkje i tenesta:
- Rydding av loft og kjellar
- Risting av tunge teppe eller ryer / flytting av tunge gjenstandar / møblar
- Storvask, rulling av tøy, pussing av sylv, koppar og messing
- Vask over armhøgde
KVA KAN BRUKERANE FORVENTE AV OSS?
- Vi har teieplikt.
- Personalet viser respekt og forståing for deg.
- Svar på søknad om heimehjelp innan 3 veker.
- Alle søkjarar vert vurdera individuelt etter eigne behov.
- Oppgåvene som skal utførast vert avtala i samarbeid med deg.
- Du får melding om endringar grunna sjukdom, ferieavvikling og heilagdagar.
- Ved akutt behov for heimehjelp, vil du raskt få hjelp. Søknaden vert handsama i etterkant.
FORVENTNINGAR TIL BRUKAREN:
- At heimen har tenleg utstyr til reinhald
- At brukar utfører dei oppgåvene han / ho kan klare sjølv
- At brukaren gjev beskjed dersom vedkomande ikkje er heime
- At atkomsten til bustaden er så lett som mogeleg
- Kjæledyr må ikkje vera til sjenanse for tenesteytaren.
SAKSHANDSAMING OG KLAGEADGANG:
- Våre vedtak kan klagast på, og klagefristen er 3 veker.
- Klageinstansen er Fylkesmannen i Telemark, men klaga skal rettast til Nissedal omsorgssenter. Vi vil gå gjennom klaga, og kan endre vedtaket til gunst for deg som søkjar. Om vi opprettheld vedtaket det vert klaga på, så sender vi klaga vidare til Fylkesmannen.
- Vi kan hjelpe deg med klaga dersom du ønskjer det.
PRAKTISKE OPPLYSNINGAR:
- For heimehjelp betalar du ein eigendel. Prisen er inntektsregulert og vert fast av kommunestyret.
- Søknadsskjema kan du få ved å vende deg til Nissedal kommune, eining for omsorg.
Sist oppdatert 20.12.2011
KONTAKTINFORMASJON
Nissedal kommune eining for omsorg
Telefon: 35 04 84 50
Telefaks: 35 04 84 51
Postadresse:
Kommunehuset 3855 TREUNGEN
Besøksadresse:
3855 TREUNGEN