English
MenySeparator
MenySeparator
MenySeparator
MenySeparator
Skriftstørrelse: A A A
MenySeparator

Skulefritidsordning (SFO)

Tveit skule og Kyrkjebygda oppvekstsenter tilbyr skulefritidsordning. SFO er eit omsorgs- og fritidstilbod utanom den vanlege skuledagen, der leik og sosial læring er viktige element. SFO er eit tilbod til barn i 1. – 4. klasse, og har ope 5 dagar i veka.

SFO følgjer skuleruta og held ope når det er skule. Rektor kan avgjere om tilbodet skal vere ope i feriar som haust- og vinterferie samt i juni etter skuleslutt og i august før skulestart. Det er talet på påmeldte ungar til SFO i feriane som er avgjerande for om tilbodet skal vere ope. I jole- og påskeferiar samt i juli er SFO stengd.

Opningstida kvar dag er frå kl. 07.30 til skulestart, og frå skuleslutt til kl. 16.30. Onsdagar er det ope heile dagen.

Talet på vaksne er avhengig av talet på born i ordninga. Vedtektene seier at det skal vera 1 vaksen per 11-13 born. 

Sist oppdatert 20.02.2012


KONTAKTINFORMASJON

Kjersti Vevstad
Einingsleiar skule
Telefon: 35 04 84 53
Mobil: 454 620 06
Besøksadresse: Kommunehuset
Send e-post

Relevante Artikler
Grunnskuleopplæring
Sjå også