Vaksenopplæring
Vaksenopplæringa held hus på Mila aktivitetssenter.
Her får elevane, etter at dei er ferdige med eller er komne over alder for vidaregående skule, tilbod om undervisning i grunnskulefag i samsvar med § 4A2 i Opplæringslova. Slik kan dei få høve til å halde ved lag kunnskapar, kome eit steg vidare eller få innsyn i emne som kan vere til glede og nytte. Når vaksenopplæringa held til på eit aktivitetssenter, er det naturleg å samarbeide med dei andre her. Det kan gjelde presentasjon av oppgåver, leseøvingsøkter, opplesing, filmframsyning, naturstigar og turar. Me tek sikte på å ha ein fellestur i månaden. Då får me oppleve bading og fisking, skogs- og fjellturar, skirenning og samling kring bål og grill i skiftande årstider. Det hender òg me dreg på museum og opplevingssenter, eller fer av stad på overnattingsturar til sjøen eller høgfjellet. I slike samanhengar er det naturleg å ha oppgåver med både føre- og etterarbeid.
I Vaksenopplæringslova heiter det bl.a. at opplæringa skal vere med å inspirere til ”et meningsfylt liv.” Dersom opplæringa kan vere med å fylle kvardagen med innhald, har me ikkje arbeidt til fånyttes.
Sist oppdatert 23.12.2010