English
MenySeparator
MenySeparator
MenySeparator
MenySeparator
Skriftstørrelse: A A A
MenySeparator

Prøv fiskelykka

Generell informasjon

Fiskekort blir selt i på MX Sport i Treungen, daglegvareforretningane, på campingplassar, hotell, bensinstasjonar, turistinformasjonen i Treungen,  Fjonesundet ferjeplass m.fl. Fiskeslaga i Nisser er: Aure, sik, tryte (abbor) og røye. I heivatna er det mest aure.

Kvart fiskeområde kan ha eigne fiskereglar. I Nisser kan ein fiske med vanleg sportsutstyr frå is, frå land og frå båt.

NB! Garnfiske bare etter avtale med grunneigar.
NB! For å hindre spreiing av ørekyte, er det forbode å bruke levande fisk til agn.

Verdas største kalkingsprosjekt

Sur nedbør har ført til stor skade på fisket i heile Arendalsvassdraget. Etter eit langt forarbeid og ekstra løyving i Stortinget, blei Nisser kalka i 1996. Omlag 10.000 tonn kalk gjekk med. I tillegg blir fleire sidevassdrag kalka årleg. Det blir sett ut fisk og lagt tilrette for betre fiske i mange heivatn. Desse tiltaka stør du ved å kjøpe fiskekort.

Rettar og plikter

Noreg har fri ferdsel i utmark, menpallmannsretten fører også med seg plikter: Oppsetjing av telt må vere minst 150 meter frå bebudd hus. Camåing utover to døgn berre etter avtale med grunneigar.

Forsiktig med varme. Forbod mot open eld i skog og mark i tida mellom 15.04 - 15.09.

Inga ferdsel over dyrka mark og eng i veksttida. Vis omsyn til husdyr og andre dyr i skog og mark.

Bandtvang: 1. april - 1. oktober.

Vern om miljøet - tenk deg om - forlat leirplass og fiskeplass i god orden. Ikkje kast søppel i naturen.  

Sist oppdatert 10.10.2011