Lysløype i Nissedal
Skigruppa i Nissedal IL har langrennstreningar for barn i skulealder. Desse går i ljosløypa på Baksås. Etter planen skal desse gå måndag kvar veke så lenge det er sno og greie forhold i løypene. Skikarusellar vil også gå på desse måndagane, då i staden for treningane. I samarbeid med Treungen i.l. vert det lagt opp til transport frå Treungen. Ta kontakt med Helge Reinholt (971 77 014) for meir informasjon.
Langrenn på Baksås, trening og karusellar:
Som ein regel er det skitrening kvar måndag så lenge snoen ligg på Baksås. Med atterhald om temperatur. Dette blir ei vurderingssak for foreldre og føresette, men er temperaturen under -15 er det ikkje trening.
Veke |
Kva |
Stilart |
6 |
Trening |
Klassisk |
7 |
Trening |
Fristil |
8 |
Vinterferie |
|
9 |
Trening |
Fristil |
10 |
Skikarusell |
Klassisk |
11 |
Skikarusell |
Fristil |
12 |
Trening |
Klassisk |
|
|
|
|
|
|
Om snoen forsvinn vil me forsøke å leggje noko til Kyrkjebygdheia. Det vil også bli eit avsluttande renn seinare, men dette vil bli opplyst om når det er aktuelt.
Det er veldig kjekt med oppmøte frå dei vaksne både på skikarusellane og på trening! Det er også satt opp ein boks med ei bok i, denne skriv ein namn i når ein er på Baksås. Det skal bli premiering av den som er mest i løypa og det blir trokke ein premie blant dei andre namna. Ein har då større sjanse for å bli trokke om ein er der fleire gonger…
Geir H. Løyte
Ledar i skigruppa
Nissedal I.L.
Telefon: 91139737
Heile gjengen på ski i mange minusgrader!
Fotball på ski er ei utfordring, men veldig moro.
Sist oppdatert 15.02.2010