Gå til innhold
Skriftstørrelse: A A A
 SØK

Lysløype i Treungen

Melding frå skigruppa i Treungen Idrettslag: PREPARERT SKILØYPE I TREUNGEN. Skitraseen i ljosløypa på Myrane er no oppkøyrd med trakkemaskin.

 

Skitraseen i ljosløypa på Myrane er no oppkøyrd med trakkemaskin. Den vil bli køyrd opp fleire gonger, slik at sporet vil bli enda betre. Det er spor både for klassisk og fristil. Oppkøyringa er i samarbeid med Morten Solberg. Sporet går heilt frå Myrane og bort til rutebilstasjonen, og størstedelen av ljosløypetraseen. Det er fint å parkere ved Best (sporet går rett på andre sida av vegen) eller ved rutebilstasjonen. Sporet går også i nærleiken av stadion, etterkvart vil det bli eit betre spor derfrå. Dette vil vere perfekt for skilæring og småturar for dei minste. 

Går du om kvelden, så ta med hovudlykt  - det kan hende at ljoset forsvinn, sjølv om det var på på måndagskvelden. Idrettslaget arbeider no med å forbetre ljosanlegget.

 
NB! Me minner om skikarusellen for skuleungar, i Kyrkjebygda, ved ljosløypa på Baksås, måndag 8. mars kl 18. Foreldre er velkomne til å vere med og støtte, og alle kan jo ta seg ein tur i dei flotte løypene. Treungen Idrettslag har samarbeid med Nissedal Idrettslag om dette skimiljøet. Sjå elles terminlista for skitrening elles på denne sida.
God tur!
 
Skigruppa TIL
Helge Reinholt
tlf 9717 7014
 
Bilde: Du kan starte ved rutebilstasjonen i Treungen. Fyrste del går etter gamle jernbanetraséen, bort til Fredriksens Fabrikk, der løypa går oppover i terrenget. Foto: H. Reinholt
Skuggenatten i bakgrunnen.
Det er koseleg å ta pause ved sida av løypa også.
 

Sist oppdatert 02.03.2010