Fjoneferja - Noregs minste kabelferje
Fjoneferga M/F Nissen har vore i drift sidan 1947 og fram til dag, med eit opphald i ein periode fyrst på 50-talet. Denne kabelferga er dei einaste i sitt slag som er att i Noreg, og som framleis er i nesten dagleg drift på Nisser. Turen går i kabel, att og fram, over sundet mellom Fjone og Sundsodden i Nissedal. Dette var det einaste vegsambandet for innbyggjarane på Fjone, før vegen til Treungen kom i 1967.
I dag blir ferga også nytta i turistsamanheng. Kvart år blir det frakta mellom 5000-6000 personbilar, i tillegg til passasjerar, syklar, motorsyklar og bussar over den 500 meter lange strekninga mellom vest- og austsida av Nisser. Denne attraksjonen er eit reisemål, som er vel verd å oppleve.
Sist oppdatert 25.07.2009