Bruken av området
Området er privat, men ope for allmenn fri ferdsel i samsvar med friluftslova.Området er av nasjonal verdi, som eit geologisk naturminne, og for å ta vare på dette er det visse reglar som me vil be folk rette seg etter.
- Me minner om at det ikkje er lov å tenne open eld i tida mellom 15. april og 15. september. Bruk av bål eller grill direkte på berg er ikkje tillate. Legg heller småstein under grillane.
- Hjelp oss å halde området reint. Søppel som ein ikkje tek med seg må ikkje kastast i naturen. Bruk heller sekkestativa som er sett opp til dette. Det er sett opp toalett ved den øvre parkeringsplassen.
- Campingvogner og bubilar må ikkje plasserast for overnatting, korkje på veg, parkeringsplass, eller elles i området.
Sist oppdatert 18.09.2007