Hægefjell
Hægefjell - eit mekka for klatrarar.

For oss som vil gå rundt, er det ein fin tur som startar på grusveg. Først opp bomvegen ved Fjone skule med bil, parkering ved villmarkscampen og så vidare bortover grusveg eit stykke til du møter fyrste Turløypeskiltet.


Fyrst går turen gjennom trollskog.

Det er merka med raudt til Vrådal og blått frå Fjonesida. Rett før siste toppen møtest stiane.
Stien går ut og opp av skogen.

Og opp på snaufjellet.
Ta med niste, vatn og vindtett jakke. Du kan fort bli overraska av vind og tåke på toppen!

Målet og varden på toppen er nådd! 1022 moh.
Sist oppdatert 26.05.2010