Gå til innhold
Skriftstørrelse: A A A
 SØK

Fram på Nisser

Noter deg fredagane 2., 16. og 30. juli sommaren 2010. Då kjem turistbåten Fram frå Vrådal til Treungen.

Du kan bli med heile turen, eller gå på i Nissedal eller på Fjone.
I tillegg kan du bli med på Treungencruise om kvelden. Då cruisar Fram rolig rundt Åraksøya.

 Treungencruisa serverer også Framspel på turen. Det vil seie at du vil oppleve spennande innslag langs båtturen - så her kan ein nok delta meir enn ein gong. Ta med resten av dine tilsette og ha ein herleg firmatur rundt Åraksøya i kveldsbrisen. Eller ta med slekt og venner og vis fram Nisser frå båt. 

Følg med på denne heimesida og heimesida til M/S Fram – der finn du rutetider, prisar og opplegg for turane. NB! Me legg på prisane for Treungencruisa pga Framspel. Dei blir dermed slik:
Vaksen: 200,- kr
Barn: 100,- kr

 Snart er det sommar ved Nisser…

 Beste helsing

Tone Lundeberg Reinholt
Turistinformasjonen
Nissedal kommune


Frå 100-års jubileet 2009. Foto: Sverre Sæter.

Sist oppdatert 14.04.2010