Gå til innhold
Skriftstørrelse: A A A
 SØK

Turistinformasjonen

Opningstider:

Måndag til fredag frå 10.00 til 16.00 (frå 14. juni til 15. august)
Laurdag: 10.00 - 14.00
E-post : turist@nissedal.kommune.no
Telefon: 35 04 84 44
Kontaktperson: Tone L. Reinholt

Informasjon og toalett

I samband med bygging av ny turistinformasjon i Treungen sentrum, har kommunen også sett opp offentlege toalett i same bygningen. Dermed har turistar og andre ein stad å gå, dersom nauda blir stor.

Informasjonshuset er fint plassert nede ved Nisser.

På turistinformasjonen kan du også låne ein PC, som har tilgang til internett. Det finst sjølvsagt brosjyrer, i tillegg til kart og anna nyttig informasjon, både for fastbuande og turistar.

tone ved turistinfo
Turistvert: Tone Reinholt

 turistinfoen_2009
Nede ved turistinformasjonen er det sett opp eit stort klatrenett, som er ein populær aktivitet.

Sist oppdatert 24.08.2010