Folksamt på byvandring
Nesten 30 personar blei med på Byvandring med Harald Valle i Tveitsund fredag. Neste sjanse er fredag 30. juli.
Fredag 2. juli var dagen då M/S Fram tok turen ned frå Vrådal til Treungen. Eit par damer frå Treungen valde å vere turist i eigen kommune denne dagen. Dei hadde tatt buss frå Treungen til Vrådal, der dei hadde stikke innom Svein Straumsnes med Galleri Lalla og god kaffe, før dei tok Fram nedover Nisser og tilbake til Treungen. På kaia nede ved gamle forkjøkkenet til Jakob Tveit blei båten møtt av ganske mange folk som ville ta imot og bli med på byvandring. Guide Harald Valle hadde ei gruppe på nesten 30 personar med seg på ein times vandring gjennom Tveitsund denne kvelden. Etterpå var det Treungencruise med Fram. 25 personar fekk ein flott båttur i fin sommarsol ute på Nisser. Eit par overraskelsar var det langs ruta, men det held me hemmeleg. Vil du sjå kva det var, kan du bli med Fram på cruise fredag 16. juli.

Sist oppdatert 03.07.2010