Facebooklogo
MenySeparator
MenySeparator
MenySeparator
MenySeparator
Skriftstørrelse:A A A?
Endre skriftsstørrelsen på siden ved å velge en av de 3 forhåndsvalgte størrelsene.

Du kan også bruke vanlig zoom funksjon i din nettleser ved å holde ctrl-tasten nede samtidig som du trykker + eller -
MenySeparator

Ordførarens side

Ein perfekt vår har vi lagt bak oss værmessig. La oss håpe at sommaren følger opp med det flotte været me ynskjer oss om sommaren. I ein feriekommune som Nissedal, med Nisser som det flotte midtpunktet for svært mange sommarstid, er været ein sentral faktor for den optimal sommaropplevinga.

Når ein tenker på alle dei flotte plassane som er rundt Nisser forstår ein kor viktig Nisser er og har vore både for rekreasjon, transport og næring.
Rundt Nisser har me etter mi meining nokre av Noregs flottaste campingstader.  Det vere seg langs dei flotte sandstrendane på Fjone eller i idylliske Nordbygda, Kyrkjebygda eller Treungen. 
Alle som er glade i teltlivet bør oppleve idyllen Nisser, enten med bil, til fots eller på sykkelen.

Elles er det svært gledeleg at det i sommar opnar/gjenopnar to serveringsstader på vestsida av  Nisser. 
Det er klart med på å skape variasjon i opplevingane langs Nisser.
Naurakstunet opnar i sommar. Dette er ein fantastisk plass, her er det tradisjonsmat som vil stå i sentrum.  
På Fjone kjem det ny drivar til Ferjesundet kafe. 
Me gler oss stort over desse tilboda, som eg håper (og trur) mange vil nytte framover.

Ynskjer alle saman ein riktig god sommar.

Beste helsing

Halvor Homme
Ordførar

Treungen badeplass

Sist oppdatert 04.07.2014


Ordførar Halvor Homme

Halvor Homme
Ordførar
Telefon: 35 04 84 01
Mobil:
90 77 77 57
Send e-post

Flytte til Nissedal