Frivilligsentral
 |
Dagleg leiar: Ellen Margrethe Garn Stad: På kommunehuset ved kommunestyresalen. Opningstid: ONSDAG kl. 10 - 14 TORSDAG kl. 10 - 14 Telefon: 99250791 |
Til alle innbyggjarar i Nissedal kommune.
Nå opnar frivilligsentralen i Nissedal.
I 2009 fekk Nissedal kommune godkjent søknaden om å starte Frivilligsentral. Denne er nå så smått i gang.
Offisiell opning vil bli i mars, her vil alle bli invitert som har lyst å høyre om - og vere med i den type arbeid.
Nissedal frivilligsentral er kommunalt eigd og har klare retningslinjer for dagleg drift.
Formål for sentralen er nasjonale føringar:(Sitat frå kulturdepartementet.)
- Frivilligsentralen skal vere ein lokalt forankra møteplass som er open for alle med lyst til å vere med på frivillig verksemd.
- Sentralen skal utviklast av dei menneska som er knytte til sentralen.
- Sentralen skal vere kraftsenter og kontaktpunkt for menneske, lag, organisasjonar og det offentlege.
- Du kan kome med ynskje om ting du vil bidra med eller du treng hjelp til.
- Sentralen kan ikkje betale for tenester eller få penge inn for ei teneste.
- Sentralen er eit supplement til offentleg verksemd.
- Sentralen kan ikkje overta det gode frivillige arbeid som er i kommune frå før, men kan vere med å supplere og koordinere arbeidet. Dette er svert viktig.
I Nissedal kommune fins det utruleg mykje fint frivillig arbeid, og oppgåva for sentralen blir da å koordinere alle idear som kjem frå deg, som har lyst å vere med.
Idear som er koordinert i andre sentralar:
- Plenklypp
- Snømåking
- Barnepass
- Kiosk
- Handle for andre
- Turar
- Sjåfør
- Kafe
- Diverse kurs
- Parkeringsvakt
- Og mykje meir
Her er det mange moglegheiter. Kom innan om og ver med starte noko nytt og spennande - vi får det bare til saman.
Beste helsing
Ellen Margrethe Garn
Dagleg leiar
Sist oppdatert 23.02.2010