Facebooklogo
MenySeparator
MenySeparator
MenySeparator
MenySeparator
Skriftstørrelse:A A A?
Endre skriftsstørrelsen på siden ved å velge en av de 3 forhåndsvalgte størrelsene.

Du kan også bruke vanlig zoom funksjon i din nettleser ved å holde ctrl-tasten nede samtidig som du trykker + eller -
MenySeparator

Trygge Nissedal

Eit trygt nærmiljø der alle er aktive i utviklinga av lokalmiljøet.

Logo Folkehelseprogrammet

Kommunestyret vedtok 27.05.04 å satse vidare på Trygge lokalsamfunn.

"Trygge Nissedal" bygger på Stortingsmelding nr 16 om folkehelse. Me har eit samarbeid med fylket om partnerskapsavtale, som blei fornya i 2008.

For å sikre god lokal forankring for det vidare arbeidet blir det oppretta ei styringsgruppe for dette prosjektet. Styringsgruppa møtast eit par gonger i året og det er prosjektleiar som innkallar til desse møta. Styringsgruppa skal gje innspel til årleg handlingsprogram.

I tillegg til styringsgruppa er det ei samarbeidsgruppe for lag og organisasjonar og tre arbeidsgrupper.

Følgjande representantar er oppnemnd i styringsgruppa:

  • Ordførar
  • Annan politisk representant
  • Næringssjef
  • Lærar frå grunnskulen
  • Representant frå de frivillige organisasjonane
  • Representant frå barnehagane
  • Representant frå næringslivet
  • Representant frå ungdomsrådet 

Samarbeidsgruppa for lag og organisasjonar er sett saman av:

  • Nissedal Røde Kors 
  • Nissedal helselag
  • Nissedal idrettsråd 

Arbeidsgruppene:

  • Barn og unge
  • Eldre og menneske med nedsett funksjonsevne
  • Trafikktryggleik

Det er de som er lokalbefolkninga i Nissedal kommune som kjenner lokalmiljøet sitt best – derfor ber me om at de tar kontakt og kjem med innspel på korleis me kan få det tryggare i vårt lokalsamfunn!

  • Er det farlege utkjørslar og kryss? Har de forslag til tiltak som kan auke trim og trivsel?
  • Er det spesielle område innan mental helse som burde prioriterast?
  • Kort sagt – gi beskjed om alle slags fallgruvar som de synes me burde ta tak i her i kommunen!

Meld frå! Nummer og e-post står til høgre.

 

Sist oppdatert 18.01.2013