Kart og oppmåling
Nissedal og Kviteseid har felles plankontor.
Kommunen har kartdata som ein kan frå innsyn i ved å bruke kartportalen i Vest-Telemark.
I frå 01.01.2010 er all sakshandsaming i samband kart- og oppmålingssaker underlagd reglane i den nye Matrikkellova. Dette inneber ein meir omfattande saksgang med større fokus på klarlegging av tredje parts rettigheiter, kvalitetskontroll på målearbeid og tidsfristar for sakshandsaming m.m. Det er kome inn nye sakstypar, det er innført endringar rundt tinglysing og det er endringar rundt utskriving av matrikkelbrev. I tillegg til dette så er det eit mål at etterslepet av gamle saker skal fjernast innan ein tidsramme på nokre få år. Alt dette vil naturleg medføre eit auka arbeids- og tidspress innan fagområdet, men det er eit mål ifrå vår side å kunne tilpasse oss dette nye regelverket på ein måte som gjer oss i stand til å yte minst like god kundeservice som tidlegare. Slik det ser ut nå må nok kundane likevel måtte kunne forvente at me må tilpasse sakshandsamingstida slik at dei enklaste sakene, som ein meir eller mindre tok på sparket tidlegare, nå kan få noko lengre sakshandsamingstid etter den nye lova. Dette på grunn av at det no er kome mykje strengare reglar for utferding av midlertidige forretningar og at dei klart definerte tidsfristane har medført at kommunen har innført ”vintertid” i oppmålingssaker. Dette betyr at ein ikkje reknar sakhandsamingstidsbruken til å gå mellom 15. november og 30. april.
Sist oppdatert 15.03.2013
KONTAKTINORMASJON
Interkommunalt plankontor for Kviteseid og Nissedal
Telefon: 35 04 84 00
Telefaks: 35 04 84 10
Epost:
info@nissedal.kommune.no
Postadresse:
Interkommunalt plankontor 3855 TREUNGEN
Besøksadresse:
3855 TREUNGEN
Opningstid:
7.45-15.30 (15.00). (Stengt kvar tysdag for besøkande og inngåande telefonsamtalar).
Kontaktpersonar:
Bjarne Underdal
Oppmålingsingeniør
Telefon: 35 04 84 32
Send e-post
Torill Lohne
Oppmålingsingeniør
Telefon: 35 04 84 40
Send e-post
Sveinung Seljås
Plansjef
Telefon: 35 04 84 30
Send e-post