Facebooklogo
MenySeparator
MenySeparator
MenySeparator
MenySeparator
Skriftstørrelse:A A A?
Endre skriftsstørrelsen på siden ved å velge en av de 3 forhåndsvalgte størrelsene.

Du kan også bruke vanlig zoom funksjon i din nettleser ved å holde ctrl-tasten nede samtidig som du trykker + eller -
MenySeparator

Ledige bustadtomter

Bygge i Nissedal kommune?

Kåsa-Solli bustadfelt

Innleiing

Nissedal kommune har oppretta eit bu- og næringsutval som har i oppgåve å legge til rette for attraktive bustad- og næringstomter. Nissedal kommune har dei seiste åra vore inne i ei positiv utvikling med omsyn til folketalsvekst. Denne trenden vil me arbeide for at skal fortsette. Dette set krav til at kommunen kan til fredstille dei framtidige innbyggarane med attraktive bustadtomter, noko som syner seg vere viktig for tilflytting. Denne presentasjonen er meint for å gjere det enklare for den som er interessert i å bygge bustadhus i Nissedal kommune, å finne fram til ledige kommunale og private tomter. I tillegg er det informasjon om kva som må gjerast før ein kan sette i gang med byggeprosjekt.

Om kommunen:

Nissedal kommune dekker eit areal på 908 km2 og har 1420 innbyggarar (pr. april 2013).
Kommunen er den sørlegaste i Vest-Telemark. Innsjøen Nisser er ein av dei største innsjøane i Telemark og er eit av dei dominerande landskapsmeraka med innbydande sandstrendar og svaberg omkransa av blankskurte, høgreiste fjell. Den fire mil lange og 250 meter djupe innsjøen inneheld reint, klårt drikkevatn. Nissedal har fått namnet sitt frå Nisser, som truleg kjem av gamalnorsk "Nirdsær" som tyder "Den nedre sjøen".

Langs Nisser finn ein sjeldsynte hellemålingar, gravhaugar og mange andre minne etter gamal busetjing. i Skogane og i heiområda i Nissedal finnast heile 1750 større og mindre vatn. Det er eit eldorado for dei badeglade, og på Fjone er det kilometerlange sandstrender.
Me har også gode vilkår for kanopadling, båtsport og fisking.
Klimaet er veldig bra. Terringet byr på område til turgåing, sommar som vinter. 
Næringslivet er variert. Viktige næringar er jord- og skogbruk, pelsdyhald, kraftforsyning og reiseliv.

Trykk på kartet, på grendene, for meir informasjon

 

 
Oversiktskart Treungen Bilder frå ledige tomter i Kyrkjebygda

Sist oppdatert 22.11.2013