Tilskotsordningar
Desse tilskotsordningane finst i Nissedal kommune: Kulturmidlar/prosjektmidlar.
Kommunen har kulturmidlar til drift av lag og organisasjonar til utdeling. Midlane ligg på budsjettet til eining for kultur. Det må søkjast på eige skjema.
Søknadsskjema for kultur- og prosjektmidlar
Det er eit vilkår at utdrag av rekneskap og årsmelding fylgjer med søknaden. Elles blir han ikkje behandla.
Retningslinjer for tildeling av kulturmidlar:
1. Lag og organisasjonar må vere opne for ålmenta for å kunne få tilskot.
2. Arbeid med tiltak for barn og ungdom blir prioritert.
3. Kring 1/4 av midlane blir sett av til prosjektmidlar som lag og organisasjonar kan søkje på. Ein evntuell rest av prosjektmidlane blir fordelt som drift/oppstartingstilskot.
4. Det kan søkjast på driftstilskot og prosjektmidlar.
5. Søknadsfrist er 10. april.
6. Formannskapet delar ut midlane.
Sist oppdatert 21.03.2013
KONTAKTINFORMASJON
Anne Margrethe Espelid
Einingsleiar
Telefon: 35 04 84 94
Send e-post