Facebooklogo
MenySeparator
MenySeparator
MenySeparator
MenySeparator
Skriftstørrelse:A A A?
Endre skriftsstørrelsen på siden ved å velge en av de 3 forhåndsvalgte størrelsene.

Du kan også bruke vanlig zoom funksjon i din nettleser ved å holde ctrl-tasten nede samtidig som du trykker + eller -
MenySeparator

Heimesjukepleie

Heimesjukepleie yter pleie og omsorg i heimen til personar som ikkje lenger er i stand til fullt ut å ta omsorg for eiga helse.

Heimesjukepleia og heimehjelptenensta er i same avdeling. Heimesjukepleia gjev tilbod om desse tiltaka etter lov om helsetenesta i kommunane:

  • Hjelp til personleg hygiene
  • Hjelp til å koma opp om dagen
  • Hjelp til å leggje seg om kvelden
  • Tilsyn dag/kveld/natt
  • Bading
  • Dosering av medisin
  • Injeksjonar, sårskift og i nokre høve blodprøvetaking
  • Oppfylging av medisinsk behandling/kreftpasientar
  • Vurdering av pasientar

Heimesjukepleia har om lag 80 registrerte brukarar. Dei fleste av desse har heimehjelp. Mange av brukarane er faste over fleire år, medan andre har me i ein kort periode. I denne tenesta må me ofte setje i gang hjelp på kort varsel. Det vert gjort vedtak på all hjelp som vert gjeven.
Nokre brukarar har tilbod fleire gonger i døgnet, medan andre har tilbod om t.d. bading ein gong i veka. Sprøytesetjing ein gong kvar tredje månad. Me har og ein kreftsjukepleiar som kan ha særskild oppfylging av kreftpasientar. 
Vaktmeister har ansvaret for at det blir montert tryggleiksalarmar, og personell frå omsorgssenteret rykkjer ut på dei, dersom ikkje kontaktpersonane er å få tak i. Me held til i underetasjen på Nissedal Omsorgssenter.

Døgnteneste:
Heimesjukepleia har tilbod om aktiv teneste heile døgnet.

  • Dagvakt kl. 07.45 - 15.00
  • Kveldsvakt kl. 14.30 - 22.30
  • Nattevakt kl. 22.30 - 07.15. - er felles med omsorgssenteret.

Sist oppdatert 08.03.2013


KONTAKTINFORMASJON

Nissedal kommune 

Tenestekontoret
Telefon: 35 04 85 60
Mobil: 907 99 129
Telefaks: 35 04 84 51
Opningstid:
mån-fre frå kl. 09.00-14.00
Postadresse:
Kommunehuset 3855 TREUNGEN
Besøksadresse:
3855 TREUNGEN

Send e-post

Tenestekontor