Skatt og likning
Kviteseid og Nissedal kommunar har eit felles kontor som sekretariat for skatteoppkrevjarane. Dette kontoret er lokalisert i Kviteseid.
Arbeidsdelinga innafor skatt kan i hovudsak delast i to.
Det fyrste er å fastsette kor mykje den einskilde skal betale i skatt ut frå gjeldande reglar og oversyn over inntekts- og formuestilhøve. Denne delen - likninga - er det skatteetaten ved likningskontora som gjer. Skattekort får du og av skatteetaten. Du kan be om nytt på nettet. Skatteetaten har omfattande rettleiing på nettet. Du finn dei her.
Kontaktinformajson 
Den andre delen - å innbetale skatt dvs skatteinnkrevjing - er det kommunane som gjer på vegne av stat og kommune. Det er skattekontoret for Kviteseid og Nissedal som krev inn skatten i dette geografiske området.
Kontaktinformajson 
Dersom beløpa for innbetalt forskotstrekk og forskotsskatt ikkje stemmer med dine oppgåver skal du kontakte skatteopkrevjaren.
Nissedal kommunen sine bankkontonr er:
Kommunen har ulike bankkontonummer for innbetaling, avhenging av kva som skal betalast.
For å betale ein faktura du har motteke, bruk bankkontonr. 2801.13.80397
For å betale inn skatt (ikkje eigedomsskatt), bruk bankkontonr. 6345.06.08302
For anna innbetaling, bruk 2714.07.00016
Sist oppdatert 01.03.2013