Fristar, personlege skattytarar
NB! Kviteseid og Nissedal kommunar har eit felles kontor som sekretariat for skatteoppkrevjarane. Dette kontoret er lokalisert i Kviteseid.
Dei fleste fristar og forfall er ikkje fastsett av kommunekasseraren, men er bestemt i lov, eller fastsett av kommunestyret.
I dei tilfella fristen eller forfallet er på ein laurdag, sundag, heilagdag eller offentleg høgtidsdag, blir fristen utsett til den fyrste påfølgjande kvardag.
Ved for sein betaling kjem forseinkingsrenter i tillegg. Plikta til å svare renter er lovfesta.
Personlege skattytarar er sjølvstendig næringsdrivande og lønsmottakarar som ikkje er undergjeve forskotstrekk.
Forskotsskatt (Skattebetalingslova § 20)
Likningskontoret fastset og skriv ut forskotsskatt. Det er berre likningskontoret som kan endre forskotsskatten. Grunnlaget for utskriven forskotsskatt er oppgjeve på Del 3 på skattekortet som du mottek ved kvart årsskifte. Dersom inntekt eller frådrag blir vesentleg endra i forhold til opplysningane på Del 3, bør du kontakte likningskontoret for å få endra forskotsskatten.
Forfall til betaling i fire like store terminar gjennom inntektsåret.
1. termin ........ 15.mars
2. termin ........ 15.mai
3. termin ........ 15.september
4. termin ........ 15.november
Det er mogleg å søke om endra dato for terminforfall. Dette sendast i så fall til Skatteoppkrevjaren i Kviteseid , 3850 Kviteseid
Ein slik søknad vil bli behandla etter skattebetalingsloven, som m.a. seier: Dersom ein termin ikkje blir betalt ved forfall, vil heile skatten forfalle til betaling. Betalar du ikkje ved forfall kjem forsinkelsesrenter med 12 % p i tillegg.
Tilleggsforskot (Skattebetalingslova § 21)
30. april det året likninga blir gjort.
Restskatt (Skattebetalingslova § 23 nr 3)
Restskatt på under kr 1 000: Forfell til betaling 3 veker etter at utlegginga av skattelista er kunngjort, men tidlegast 20. august i ligningsåret.
Restskatt på kr 1 000 eller meir:
Forfell til betaling i to like store terminar.
1. termin 3 veker etter utlegget, men tidlegast 20. august.
2. termin 5 veker seinare.
Tilleggsinnbetaling(Skattebetalingslova § 27 nr 4)
30. mai året etter likningsåret.
Resterande skatt (Skattebetalingslova § 27 nr 6)
Dette er forskjellen mellom utlikna skatt og førehandsskatten, dette går fram av skatteoppgjeret.
Resterande skatt forfell til betaling 3 veker etter skatteoppgjeret om hausten.
Sist oppdatert 05.03.2013