Ledig stilling som biblioteksjef
Nissedal kommune lyser ut stilling som Biblioteksjef 40% - ID: 120
Biblioteket er eit kombinasjonsbibliotek og ligg ved Tveit skule/Nissedal ungdomsskule.
Opningstidene er måndag 12.00-16.00 og torsdag frå 16.00-19.00.
Biblioteksjefen har ansvar for utlån, innkjøp, katalogisering, god kontakt og jamlege møter med
skule og barnehage og elles skape leselyst i befolkninga i Nissedal kommune.
Biblioteksjefen er ein del av eining for kultur og søkjar må trivast med å jobbe i team og sjå på biblioteket som ein viktig kulturarena.
Søkjar må ha godkjent bibliotekfagleg utdanning.
Tilsetjingsvilkår i følgje gjeldande lov,tariffavtale og kommunen sitt reglement.
Vanlege løns- og pensjonsvilkår.
Nærare opplysningar om stillinga kan rettast til Einingsleiar for kultur,
Anne M Espelid, tlf 35048494
Vi ber om at de brukar elektronisk søknadsskjema.
evt. sender søknad med CV, kopi av vitnemål og attestar til Nissedal kommune, 3855 Treungen .
Søknadsfrist: 30.03.10
Sist oppdatert 04.03.2010