Gå til innhold
Skriftstørrelse: A A A
 SØK

Ledige lærarstillingar

Det er ledige stillingar som lærar ved Tveit skule/Nissedal ungdomsskule og Fjone skule.

Tveit skule/Nissedal ungdomsskule – ID: 121

Frå 01.08.2010 kan det bli ledig inntil 3,5 stillingar.

Ei 100% stilling er eit vikariat frå 01.08.2010 til 31.12.2010. Undervisning på barnetrinnet.

Dei andre stillingane vil vere vikariat for heile skuleåret.

Vi ønskjer oss først og fremst almenlærarar som kan ta undervisning på alle trinn.

Særlege fagønskje er: Norsk, matematikk og språkfag i ungdomsskulen.

Andre ønskje er: Lærar som vil undervise på småskulen, og spesialundervisning på alle trinn.

Nærare opplysningar ved rektor/einingsleiar Johannes Skarprud, telefon 35 04 84 82

 

Fjone skule – ID: 122

Det er ledig vikariat ved Fjone skule i tida 01.08.2010 – 31.07.2011.

Stillingsprosent: Inntil 100%.

Undervisning på barnetrinnet.

Nærare opplysningar ved lagleiar Geir Chr. Enger, telefon 35 04 84 68, eller rektor/einingsleiar Johannes Skarprud, telefon 35 04 84 82

 

Andre stillingar kan bli ledige i tida mellom utlysing til tilsetjing.

For alle stillingane gjeld:

Tilsetjingsvilkår i følgje gjeldande lov, tariffavtale og kommunen sine reglement. Vanlege løns- og pensjonsvilkår.

 

Ta med i søknaden om kva stilling du søkjer på, og om du søkjer på fleire av stillingane.

Vi ber om at de  brukar elektronisk søknadsskjema.
evt. sender søknad med CV, kopi av vitnemål og attestar til Nissedal kommune, 3855 Treungen

 

Søknadsfrist for stillingane: 30.03.10

 

Sist oppdatert 04.03.2010