Hægefjell
Ein av dei høgste toppane i Nissedal på 1021 m.o.h.
Norske og tyske klatrarar oppdaga dei unike fjella i Nissedal på slutten av 80-talet. Det majestetiske Hægefjell har dei siste 20 åra blitt eit av dei mest brukte klatrefjella i Noreg, med omlag 50 ulike ruter i alle vanskegradar. Ei av dei mest kjend rutene i Europa for uerfarne klatrarar finn du her: Via Lara. Deltakarane i den norske TV-serien "71 grader nord" prøvde seg på nettopp denne ruta i 2010. Langs første delen av turløypa ligg det ein del kjempestore steinar. Dei blir brukte til klatring- eller buldring, som det heiter når ein klatrar på steinar utan sikring.

(foto: Morten Øen)
Start: Køyr inn på bomveg (hugs vegavgift) ved Fjalestad på Fjone (Mellom Sandnesodden Camping og ferjeleiet). Løypa er merka med blå måling.
Enkelte bratte parti. Nydeleg utsikt over Nisser, Vrådal og fjella mot Fyresdal. Fyrste del av løypa går på skogsbilveg.
Tips og klatreruter kan du få på Nisser Hyttegrend og Camping
Lenker:
Vandre Telemark
Folder med turkart til Hægefjell
Sist oppdatert 21.01.2013