Facebooklogo
MenySeparator
MenySeparator
MenySeparator
MenySeparator
Skriftstørrelse:A A A?
Endre skriftsstørrelsen på siden ved å velge en av de 3 forhåndsvalgte størrelsene.

Du kan også bruke vanlig zoom funksjon i din nettleser ved å holde ctrl-tasten nede samtidig som du trykker + eller -
MenySeparator

Jernbanelina

Gamal nedlagt jernbanelinje som går frå Treungen til grensa mot Aust-Agder. Kryssar vegen enkelte stader. Veldig fin sykkeltur, dersom du startar frå Lokstallen i Treungen og syklar ned til Stasjonen på Tjønnefoss. (Eller omvendt, sjølvsagt!)

 Treungenbanen gjekk frå Tveitsund (Treungen) til Åmli og vidare derifrå til Arendal. Strekninga Treungen-Åmli var den siste delen av banen som blei bygd. Opning var 14. desember 1913.

Søftestad gruver i Nissedal var grunnen til at Treungenbanen blei bygd, og det var gruvene som sørga for at banen var drivverdig. Årleg gjekk det 30-40.000 tonn malm med jernbane frå Treungen til Arendal for utskiping til Kontinentet, i fyrste rekkje Vest-Tyskland. I tillegg til malm, blei det også frakta tømmer på banen.

Både bygdefolk og turistar bruka toget som framkomstmiddel heilt fram til det blei lagt ned i 1967. To år seinare byrja NSB å rive sporet.(Kjelde: "Togbytte på Nelaug" av Thor Bjerke og Ove Tovås)

Sist oppdatert 07.12.2009