Facebooklogo
MenySeparator
MenySeparator
MenySeparator
MenySeparator
Skriftstørrelse:A A A?
Endre skriftsstørrelsen på siden ved å velge en av de 3 forhåndsvalgte størrelsene.

Du kan også bruke vanlig zoom funksjon i din nettleser ved å holde ctrl-tasten nede samtidig som du trykker + eller -
MenySeparator

Lokstallen/Sommarsletta

Nissedal kommune sin tusenårsstad    

Dersom du står nede i Treungen sentrum (også kalla Tveitsund), og ser over til andre sida av vatnet, ser du ein odde som stikk ut. Der står det gamle steinbygningar, der er ein liten badeplass, nokre grillar og nokre sitjeplassar. Området heiter Sommarsletta, og dei grå steinbygningane heiter Lokstallen. Du må køyre over den gamle Tveitsundbrua (steinbru), og svinge av mot vegen til Fjone. Deretter tek du fyrste veg til høgre, og vips, så er du framme.  

Lokstallen blei i år 2000 vald til Nissedal kommune sin tusenårsstad, og er verd eit besøk.

I dag har leikelandet Pipo Indoor Playground overteke sjølve lokstallen. Perfekt for barnefamiliar, med utfordrande klatrestativ for barna og kafe for dei vaksne.  

I det gamle vasstårnet har det blitt steinbutikk, med Tre Nisser Steinverksted.

Dersom du vil nyte sommardagen ute, kan du ta med deg grillmat, ein pose grillkol og tennveske, pølser og brus, og du kan slappe av på ein perfekt rasteplass Sommarsletta ned mot vatnet.  

Frå Lokstall-området, kan du gå eller sykle nedover den gamle toglina, som går nedover mot Tjønnefoss. Her er det veldig idyllisk. Ta med fotoapparat...

Sist oppdatert 03.06.2009