Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Kulturskulen

Kulturskulen sitt trommesett

Nissedal kulturskule er eit tilbod for born og ungdom i grunnskulealder som vil bruke tid på å lære seg meir innanfor eit kultur-uttrykk. Eleven skal få grunnleggjande opplæring og ferdigheit til eigen hobby, eller som plattform for vidaregåande skule i faget.

I dag har Nissedal kulturskule fylgjande tilbod:

  • gitar 
  • bass 
  • trommer 
  • piano 
  • (song - vi har ikkje songpedagog, men vi har fleire lærarar som beherskar song bra. Ynskjer du songtilbod, så kan vi lære deg) 

I tillegg blir det av og til arrangert kurs, til dømes dansekurs.

Fleirbrukshuset er hovudsentrum for kulturskulen, men vi vil også prøve å legge til rette for undervisning på Fjone og Kyrkjebygda.

Elevar får berre tilbod om ein elevplass i fyrste omgang, men kan få to plassar dersom det er plass.

Opptak - prioritet

  • Tidlegare kulturskuleelevar
  • Dei eldste elevane i grunnskulen

Av erfaring har vi sett at nokre instrument krev meir koordinasjon enn andre, og derfor har vi satt ned passandes aldersgrenser.
Vi tek inn elevar frå 1. klasse på alle instrument, dersom det er plass.

 Undervisning   Passande aldersgrense
 Piano (song) 1. klasse
 Gitar og bass 3. klasse
 Trommer 3. klasse


For skuleåret 17/18 følger Kulturskulen skuleruta, og oppstart er i veke 34.

Frist for oppseiing av vårhalvåret er 1. desember - bruk elektronisk skjema.

Rektor for kulturskulen er Rune Sanden. Ta gjerne kontakt om det er noko du lurar på.
Telefon 35 04 84 93 på onsdag/torsdag.

Søknadsfrist for skulåret 2017/2018 er 15. mai. 

Nissedal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke nissedal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk