Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Einingsleiar teknisk drift

Me har no ledig stilling som einingsleiar for teknisk drift 100 - ID 453.
2.gongs utlysing.

Om kommunen:

Nissedal kommune har om lag 1500 innbyggjarar og ligg naturskjønt til i Vest-Telemark.
Nissedal kommune er ein to-nivå kommune med 6 einingar og eit interkommunalt plankontor for Nissedal og Kviteseid kommunar.

Om stillinga:

Eining for teknisk drift har ansvar for drift, vedlikehald og forvalting av kommunaltekniske anlegg, bygg og eigedomar. 

Einingsleiar rapporterer til rådmannen og er i rådmannen si leiargruppe. 

Eininga består utover einingsleiar av ein avdelingsingeniør, ein utbyggingskoordinator, ein merkantil konsulent, fagarbeidarar og vaktmeistrar, reinhaldarar og tilsette i deltidsbrannvesenet. 

Kommunen satsar stort på hyttebygging, og har dei siste åra gjennomført store utbyggingsprosjekt i vass- og avlaupssektoren. Dette er ei satsing som vil halde fram dei neste åra, noko som gjer at stillinga får særs interessante utviklingsoppgåver.


Arbeidsområde:
  • økonomi-, personal- og fagansvar for eininga
  • utvikling av personalet og kvaliteten på tenestene
  • saksførebuing til politisk nivå innan eininga sine ansvarsområde
  • prosjektansvar for byggeprosjekt, spesielt innan VA-området
  • vere kommunen sin beredskapskoordinator
  • vere kommunen sin kontaktperson mellom lokalt brannvesen og Vest-Telemark brannvesen
  • arbeide aktivt for eit godt tverrfagleg samarbeid i kommunen

Kvalifikasjonskrav/ynske:
  • relevant ingeniørutdanning, gjerne v/a-relatert
  • leiarerfaring
  • relevant fag- og arbeidserfaring
  • gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • god skriftleg framstillingsevne
  • evne til nytenking

Nissedal kommune tilbyr:
  • løn etter avtale
  • god pensjonsordning i KLP
  • flyttegodtgjering etter eige regulativ
  • eventuell hjelp til å skaffe bustad
  • god overlapping/kontakt med førre einingsleiar

Fleire opplysingar kan du få ved å ringe rådmann Sverre Sæter, telefon 35 04 84 02/ 993 40 862.

Me gjer merksam på at namn på søkjarar kan bli offentleggjort i høve til offentleglova §25.



Søknadsfrist 01.05.18



Nissedal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke nissedal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk