Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Feiar

Vest Telemark brannvesen søkjer etter 2 nye feiarar.

Interkommunalt brannvernsamarbeid i Vest-Telemark IKS er eit samarbeid for kommunane Fyresdal, Kviteseid, Nissedal, Seljord, Tokke og Vinje. Selskapets føremål er å samarbeide om brannvesen og utføre lovpålagde brannførebyggande oppgåver i vertskommunane. Brannsamarbeidet har kontorstad i Høydalsmo. Vi har i dag 6 feiarar tilsett.

Då oppdragsmengda er aukande grunna ny forskrift med pålegg om feiing og tilsyn av både bustader og fritidsbustader har vi behov for å etablere nye feiarlag med oppstart frå 01.01.2020. Vi søker derfor etter to nye feiarar.

Feiarane har utgangspunkt i Høydalsmo, men for søkjarar som bur andre stader vil ein prøve å legge til rette for fleksible løysingar.

Arbeidsoppgåvene er feiing av røykkanalar og fyringsanlegg, tilsyn med bustader/fritidsbustader og førebyggande brannvern. Feiarane jobbar i team og overlappar der det er naudsynt innan brannsamarbeidets arbeidsområde.

KRAV TIL STILLINGA:

  • Fagbrev som feiar/eller anna relevant håndverkarfagbrev. Den som får jobben må vera viljug til å ta utdanning som fyller forskriftskrav dersom dette manglar.
  • Sjølvstendig og påliteleg.
  • Gode samarbeidsevner.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne og kunnskap innan data.
  • Førarkort klasse B.
  • God helse og fysikk.

 
Ein vil oppmode kvinner om å søkje.

Lønn etter avtale. Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som fylgjer av gjeldande lover, tariffavtaler og reglement. Det er 2% pensjonsinnskot i KLP.

Den som får tilbod om stillinga må framlegge helse og politiattest av nyare dato.

Ein tek atterhald om endringar i stillingas arbeids og ansvarsområde som fylgje av framtidige organisasjonsendringar.

Søknad med CV kan sendast: Vest Telemark Brannvesen v/Tore Metveit, Høydalsmovegen 815, 3891 Høydalsmo.

Eller: tore.metveit@vtbv.no innan 20.08.19

Spørsmål om stillinga kan rettast til brannsjef Tore Metveit, 97016957 eller styreleiar Gunnar Eilefstjønn, 91774311.


Nissedal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke nissedal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk