Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Fysioterapeut


Det er ledig vikariat som kommunefysioterapeut i 100% - ID 517.
Stillinga er ledig frå 05.08.2019 til 31.12.2020.

Vi søkjer etter person med:

  • Godkjent utdanning som fysioterapeut
  • Relevant arbeidserfaring
  • Gode samarbeidsevner
  • Evne til å arbeide sjølvstendig
  • Personleg eigna

Vi kan tilby:

  • Varierte arbeidsoppgåver innan førebyggjande helsearbeid, ansvar for fysioterapitilbodet ved Nissedal omsorgssenter, samarbeid med fysioterapeut som har kommunal driftsavtale, arbeid med skulehelsetenesta og helsestasjon.
  • Arbeidsoppgåver knytt til frisklivsarbeid og folkehelse.
  • Samarbeid med eining for kultur, kulturskuleaktivitetar.
  • Tilsetjing og pensjonsordning på kommunale vilkår i kommunefysioterapeutstillinga.
  • Løn etter tariff

Fysioterapien har lokale i tilknyting til Nissedal legekontor i Treungen saman med kommunelege, turnuslege, jordmor og helsestasjon.
Søkjaren må kunne disponere eigen bil i tenesta.
Ettermiddagsarbeid kan påreknast.

Nærare opplysingar om stillingane får du ved å kontakte avdelingsleiar for helse Hild Riseth Fjone på telefon 35 04 84 20 eller mobil 404 80 877.

Ved tilsetjing blir det stilt krav om politiattest. Me gjer merksam på at namn på søkjarar kan bli offentleggjort i høve til offentleglova §25.

Søknad på elektronisk søknadsskjema


Søknadsfrist: 03.06.2019

Nissedal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke nissedal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk