Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Lærar vikariat

Ved Tveit skule/Nissedal ungdomsskule er det ledig følgjande vikariat i haust:

Om kommunen

Nissedal kommune dekker eit areal på 908 km² og har 1485 innbyggjarar. Nisser, ein av dei største innsjøane i Telemark, er eit dominerande landskapsmerke med innbydande sandstrender og svaberg omkransa av blankskura, høgreiste fjell. Den fire mil lange og 250 meter djupe innsjøen inneheld reint, klårt drikkevatn. Nissedal har fått namnet sitt frå Nisser, som truleg kjem av gamalnorsk «Nidrsær», som tyder «Den nedre sjøen». Langs Nisser finn ein sjeldsynte hellemålingar, gravhaugar og mange andre minne etter gamal busetjing.

I skogane og heiområda i Nissedal finn ein heile 1750 større og mindre vatn. Det er eit eldorado for dei badeglade, og på Fjone finn ein kilometerlange sandstrender. Her er også gode vilkår for kanopadling, båtsport og fiske i vatna og elvane. Klimaet er svært bra, og terrenget innbyr til turgåing, sommar som vinter. Næringslivet i kommunen er variert. Viktige næringar er industri og handverk, handel, reiseliv og turisme og hytteutbygging.

Nissedal kommune har ein sentralskule (1-10) i Treungen og eitt oppvekstsenter (barnehage og 1-7) i Kyrkjebygda. Skulane er organisert med kvar sin rektor.

Om stillinga

  • Inntil 75% lærar i sjukmeldingsperiode, truleg frå 01.08.-01.11.19, med høve til forlenging. Undervisninga vil i hovudsak vere på småskulesteget (1.-4. klasse) i ulike fag, samt kunst og handverk på mellomsteget. – id 525


Nærare opplysningar ved rektor Reidun Carol Retterholt, tlf. 95921972 eller på e-post til reidun.retterholt@nissedal.kommune.no.

Relasjonskompetanse, god autoritativ klasseleiing og om søkjar er personleg skikka for stillinga bli vektlagt.

Tilsettingsvilkår i fylgje gjeldande lov, tariffavtale og kommunen sitt reglement. Vanlege løns- og pensjonsvilkår.

Ved tilsetjing blir det stilt krav om politiattest. Me gjer merksam på at namn på søkjarar kan bli offentleggjort i høve til offentleglova §25.

 Søknad på elektronisk søknadsskjema

Søknadsfrist 25.08.2019


Nissedal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke nissedal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk