Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Ledig lærarstilling - ID 446

Vi har for vår-halvåret 2018 ledig inntil 90% midlertidig lærarstilling, hovudsakleg på småskulesteget, på Fjone skule.
Fagynskje: Begynnaropplæring i småskulen og engelsk på mellomsteget.

Om kommunen:

Nissedal kommune i Telemark er ein kommune i vekst med om lag 1500  innbyggjarar. Treungen er administrasjonsstaden, og andre tettbygde stader er Kyrkjebygda, Fjone, Haugsjåsund og Felle. Nisser er den største innsjøen i Telemark og eit dominerande landskapsmerke med innbydande  sandstrender og svaberg omkransa av blankskura, høgreiste fjell. Næringslivet i kommunen er  variert, og viktige næringsvegar er jord- og skogbruk, bygg og anlegg, industri, kraftforsyning og reiseliv.  Nissedal kommune har desentralisert skulestruktur og om lag 170  elevar fordelt på tre skular:
Tveit skule/Nissedal ungdomsskule 1-10, Fjone skule 1-7 og Kyrkjebygda oppvekstsenter 1-7.
Fjone og Kyrkjebygda er todelte.
Alle skulane har rektorar som har det faglege, pedagogiske og økonomiske ansvaret for skulen. 

Me kan tilby: 
  • Inkluderande og positive arbeidsmiljø 
  • Eit utviklingsorientert fagmiljø 
  • Løn etter gjeldande tariff 
  • Rettleiing av nyutdanna lærarar i samarbeid med Høgskulen i Telemark

Kva kan du tilby: 
  • Forutan krava  til fagkompetanse  som er nemnde over vil personleg dugleik bli mykje vektlagt
  • Autoritativ lærarstil og evna til å byggje gode relasjonar med elevane 
  • Stort engasjement og arbeidsglede 
  • Samarbeidsevner og fleksibilitet 

Nærare opplysningar får du ved å kontakte  rektor ved Fjone skule; Anne- Nora Oma Dahle, 
tlf: 350 48 468/ 413 17 819 eller einingsleiar Sissel Bronken,  tlf. 350 48 407/ 409 20 833.
Ved tilsetjing blir det stilt krav om politiattest. Me gjer merksam på at namn på søkjarar kan bli 
offentleggjort i høve til offentleglova § 25. 


Søknad på elektronisk søknadsskjema

Søknadsfrist: 19.1.2018
Tiltreding: Snarast





Nissedal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke nissedal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk