Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Rekneskapsansvarleg 100 - ID 522


Nissedal kommune skal etablere felles rekneskapskontor for Nissedal og Kviteseid frå 01.01.2020, og har i den samanheng ledig nyoppretta 100% stilling som Rekneskapsansvarleg, med tiltreding snarast råd. Stillinga er plassert i rådmannen sin stab. Arbeidsstad vil vere på kommunehuset i Treungen.

Vi søkjer etter ein person med erfaring frå arbeid med rekneskap og rekneskapssystem som vil vere med å bygge opp og vidareutvikle eit slikt felles rekneskapskontor.

Arbeidsområde:

  • Dagleg ajourhald av ulike rekneskap
  • Rapportering internt og eksternt
  • Årsavslutning av ulike rekneskap
  • Integrasjonar mot andre system
  • Systemansvar innan økonomisystemet
  • Koordinering mot løn og fakturering
  • Fagleg rettleiing internt 
  • Vidareutvikling av system og rutinar

 Stillinga er nyoppretta og oppgåver kan bli noko endra.


Ønska kvalifikasjonar:
  • Utdanning på høgskulenivå
  • Erfaring frå rekneskapsarbeid, der erfaring med kommunalt rekneskap vil bli særleg vektlagt
  • Erfaring med systemvedlikehald
  • Gode ikt-kunnskapar

Om deg:
  • Systematisk og strukturert
  • Kan jobbe sjølvstendig
  • Kan stå på når oppgåvene tilseier det
  • Positiv til nye oppgåver
  • Kan jobbe under press og forholde seg til tidsfristar
  • God til å samarbeide
  • Liker å jobbe med tal

Vi kan tilby:
  • Løn etter tariff
  • Gode pensjonsvilkår i Klp
  • Hjelp til å skaffe bustad 
  • Flyttegodtgjering etter eige regulativ
  • Fleksitidsordning
  • Eit godt arbeidsmiljø og spennande arbeidsoppgåver

For spørsmål, kontakt kommunalsjef samfunn og utvikling, Jan Arvid Setane, tlf. 35 04 84 04/997 96 387.

Vi gjer merksam på at namn på søkjarar kan bli offentleggjort i høve til offentleglova §25.

Du søker på stillinga ved å bruke elektronisk søknadsskjema


Søknadsfrist 01.08.19

Nissedal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke nissedal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk