Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Sjukepleiar

Eining for omsorg har følgjande ledig stilling:

Sjukepleiar på natt i fast 80 – 100% stilling på Nissedal omsorgssenter.
Ledig frå 1.11.2019. – ID 533

Om kommunen:

Nissedal kommune i Telemark er ein kommune i vekst med om lag 1500 innbyggjarar.
Treungen er administrasjonsstaden, og andre tettbygde stader er Kyrkjebygda, Fjone, Haugsjåsund og Felle. Nisser, den største innsjøen i Telemark, er eit dominerande
landskapsmerke med innbydande sandstrender og svaberg omkransa av blankskura, høgreiste fjell. Næringslivet i kommunen er variert, og viktige næringsvegar er jord- og skogbruk, bygg og anlegg, industri, kraftforsyning og reiseliv.

Nissedal kommune er ein to-nivå kommune med 6 einingar. Vi har delt helse og omsorgsoppgåvene i to einingar, der helseavdelinga og tenesta for funksjonshemma høyrer til eining for helse og habilitering, og sjukeheim og heimetenester som heimesjukepleie og heimehjelp er knytt til eining for omsorg.


Om stillinga:

Ein av våre sjukepleiarar på natt går snart av med pensjon og vi søkjar difor etter sjukepleiar som kan overta hennar stilling. 
Stillinga vil være i 80% fram til 1.4.2020, men kan då aukast til 100% dersom du veljar å jobbe i  100% stilling.

Kvalifikasjonskrav:

  • Den som søkjer må ha norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Du må kunne kommunisere godt både munnleg og skriftleg på norsk
  • Førarkort kl. B

Ønskelege kvalifikasjonar:

  • Evne til å jobbe sjølvstendig og kunne takle utfordrande situasjonar
  • Evne til å leie/rettleie og motivere andre
  • Gode samarbeidsevner 

Vi tilbyr:
 
  • Fadderordning for nyutdanna sjukepleiarar
  • Vanleg turnusarbeid med arbeid kvar 3.helg
  • Løn etter avtale

Det vert kalla inn til intervju.
Personleg egna vert lagt til grunn ved alle tilsettingar.
Ved intern tilsetjing vil andre kvalifiserte søkjarar kunne få tilbod om anna stilling i same tilsetjinga.


Kontaktperson

Ingerid Homme, Avdelingsleiar somatisk avdeling, tlf 35 04 84 60.
Arne Hansen Espebu, Einingsleiar Omsorg, tlf. 35 04 84 52.


Tilsettingsvilkår i fylgje gjeldande lov og kommunen sitt reglement. 
Ved tilsetjing blir det stilt krav om politiattest. Me gjer merksam på at namn på søkjarar kan bli offentleggjort i høve til offentleglova § 25.

Søknad på elektronisk søknadsskjema


Søknadsfrist: 24.09.2019



Nissedal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke nissedal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk