Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Ungdomsklubbarbeider


I eining for kultur er det ledig stilling som ungdomsklubbarbeider 16% frå 15.08.2019, ID 521.

Kort om kommunen

Nissedal kommune i Telemark er ein kommune i vekst med om lag 1430 innbyggjarar. Treungen er administrasjonsstaden, og andre tettbygde stader er Kyrkjebygda, Fjone, Haugsjåsund og Felle. Nisser er den største innsjøen i Telemark og eit dominerande landskapsmerke med innbydande sandstrender og svaberg omkransa av blankskura, høgreiste fjell. Næringslivet i kommunen er variert, og viktige næringsvegar er jord- og skogbruk, bygg og anlegg, industri, kraftforsyning og reiseliv.  


Om stillinga

Kvalitetskrav: 
Ynskje om at søkjar har fagbrev som barne- og ungdomsarbeider eller anna relevant utdanning/praksis. 
Me søkjer etter tydeleg og reflektert medarbeider som veit å byggje gode relasjonar med barn og ungdom.
Personleg dugleik og referansar vil bli vektlagt. Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju.

Me kan tilby:
  • Inkluderande og positivt arbeidsmiljø
  • Spennande arbeidsoppgåver
  • Løn etter gjeldande tariff

Kvalitetskrav og - ynskje:
  • Positiv haldning og kunnskap om ungdom og ungdomsmiljø
  • Stort engasjement og arbeidsglede
  • Lyst og evne til å bidra til ein god ungdomsklubb
  • Gode samarbeidsevner, fleksibilitet og ynskje om å ta utfordringar
  • Personleg dugleik vil bli vektlagt

Ungdomsklubben er ope kvar onsdag og kvar fredag. Stillinga som er lyst ut, har 6 timars arbeidstid, der det er ope frå kl. 17.00 – 22.00, med ein halv time for og etterabeid kvar fredag. Det kan vere mogleg å søkje på halve stillinga, annakvar fredag, om det er ynskjeleg.

Ved interne tilsettingar kan andre stillingar bli ledig.

Nærare opplysningar får du ved å kontakte einingsleiar Anne M Espelid, på telefon 35 04 84 94 eller på e-post  anne.espelid@nissedal.kommune.no

Ved tilsetjing blir det stilt krav om politiattest.
Me gjer merksam på at namn på søkjarar kan bli offentleggjort i høve til offentleglova §25.



Søknadsfrist: 25.06.2019

Nissedal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke nissedal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk