Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Om Nissedal kommune

Klatring_ny

Nissedal kommune ligg sør i Vest-Telemark, og er ein kommune i vekst. Treungen er administrasjonsstaden, og andre tettbygde stader er Kyrkjebygda, Fjone, Haugsjåsund og Felle.

Namnet Nissedal kjem frå innsjøen Nisser. Frå gamalnorsk blei Nisser kalla «Niðsær», der fyrste del «Nið» tyder «brusande», medan andre del «sær» tyder «sjø».

Vi har desentralisert skulestruktur og om lag 150 elevar fordelt på tre skular: Tveit skule/Nissedal ungdomsskule 1-10, Fjone skule 1-7 og Kyrkjebygda oppvekstsenter 1-7. Fjone og Kyrkjebygda er todelte. 

Vi har barnehage i Kyrkjebygda, Treungen, Haugsjåsund og på Felle. I Treungen er det blant anna omsorgssenter, bu- og avlastingsenter, Fleirbrukshus, bibliotek og kino.

Næringslivet i kommunen er variert, og viktige næringsvegar er jord- og skogbruk, bygg og anlegg, industri, kraftforsyning og reiseliv.

Nisser er den største innsjøen i Telemark og er eit dominerande landskapsmerke med innbydande sandstrender og svaberg omkransa av blankskura, høgreiste fjell. 


 Innbyggjarar 1 484 (2. kvartal 2018)
 Samla areal  908 km2

 

Nissedal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke nissedal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk