Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Treningstilbod for 5.-10 klasse

Kom i form med fysioterapeuten!

Etter påske startar eit treningstilbod for 5.-7. klasse og 8.-10. klasse kvar veke fram mot sommarferien.

Aktivitetstilbod for 5.-7. klasse

Kvar torsdag, med oppstart 27. april kl. 15.10 til 16.20 i fleirbrukshallen, Hægefjell.

NB! På grunn av eit arr. i fleirbrukshallen, Hægefjell, 27. april, blir fyrste trening ute. 

Her vil det vere generelle basisøvingar for heile kroppen,  og morosame leikeaktivitetar som stafettar og hinderløyper.

Kommunens fysioterapeut er ansvarlig for aktiviteten, og vil rettleie og instruere deltakarane på ein god måte.


Funksjonell trening for 8.-10. klasse

Kvar måndag, med oppstart 24. april kl. 14.45 til 16.00 i fleirbrukshallen, Hægefjell.

Treninga vil hovudsakleg vere styrkeøvingar for heile kroppen, men det vil også vere innslag av bevegelse- og kondisjonstrening.

Du vil kvar gong få grundig rettleiing og instruksjon av fysioterapeut.

Ved å delta på dette vil du oppleve meistring og få ein sterkare kropp! Her kan alle delta uansett form og treningserfaring.


Påmeldingfrist innan 19. april

Påmelding til kulturskulerektor Rune Sanden: rune.sanden@nissedal.kommune.

Spørsmål kan rettast til fysioterapeut Hild Riseth Fjone, hild.fjone@nissedal.kommune.no eller mobil 404 80 877.


Er du usikker på kva dette er?

- Kom og prøv då vel!


TreningColourbox

Nissedal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke nissedal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk