Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Diakoniprisen 2017

Inger Johanne Aaheim frå Fjone er årets diakoniprisvinnar i Vest-Telemark

I Nissedal  kommune er det no 1476 menneske, konfirmantane er få, men likevel har dei samla inn kr 400.000,- kroner til Kirkens Nødhjelp sidan 1998.
Årets aksjon gav 25.000,-  til Kirkens Nødhjelp.

Ein viktig grunn til desse gode resultata er måten aksjonen vert organisert på. Denne organiseringa står INGER JOHANNE AAHEIM (66) på Fjone i Nissedal for. 

I over tretti år har Inger Johanne trufast – i samarbeid med ulike prestar og varierande konfirmantflokkar – organisert den årlege Fasteaksjonen.

Ved sida av sitt engasjement for Kirkens Nødhjelp har ho vore i Diakoniutvalet, Yngres på Fjone i 30 år soknerådet, sundagskule, både lokalt og regionalt. 

Sundag kveld fekk Inger Johanne Aaheim overrekt Diakoniprisen for Vest-Telemark av styreleiar i Diakonatet Oscar J. Garnes under ei samling i Nissedal kyrkje.

Denne prisen er delt ut sidan 1994, og går til folk som på særleg vis har arbeid etter den definisjon av som seier at « Diakoni – er evangeliet i handling»

Inger Johanne Aaheim og Oscar J. Garnes
Inger Johanne Aaheim og Oscar J. Garnes

Inger Johanne gratulert av generalsekretær i Kirkens Nødhjelp Anne- Marie Helland
Elles vart Inger Johanne gratulert av generalsekretær i Kirkens Nødhjelp Anne- Marie Helland

Foto: Olav Jakob Tveit

Nissedal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke nissedal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk