Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Eigenbetalingar - skattesatsar 2019

Nissedal kommunestyre vedtok i møte 13.12.18 i sak 79/18
fylgjande endringar i betalingssatsar for kommunale tenester i 2019:

Barnehage:
Opphaldsbetaling aukar med om lag 3,4%. Fulltidsplass kr 2.990 (frå 1/8, kr 3.040)

SFO:
Opphaldsbetaling aukar med 2,2% - 3,9%.

Husleige:
Husleige aukar med om lag 3,4%
Kjøp av middag frå omsorgssenteret:
Aukar med kr 10 til kr 75. 

Vass-/kloakkavgifter:
Ingen endring av gebyr for vatn/kloakk.

Feiing:
Årsavgift feiing/tilsyn aukar med 20,4%

Renovasjon:
Gebyr for renovasjon aukar med 2%.
Gebyr for plan- og byggesaker/utsleppssaker og saker etter matrikkellova:
Gebyrnivået er auka med om lag 2,5%

Eigedomsskatt:
Den alminnelege eigedomsskattesatsen for skatteåret 2019 er 7 promille. Differensiert skattesats for eigedomar med sjølvstendige bustaddelar for skatteåret
2019 er 2 promille. Denne satsen leggast til grunn for bustader/fritidsbustader. Dette er same nivå som i 2018.
Betalingssatsar som ikkje er nemnd over, er vidareført på same nivå som i 2018. 



Rådmannen

Nissedal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke nissedal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk