Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Elevinformasjon til steforeldre

I dag er det mange elevar som bur saman med andre enn mor og far.
Mor og far kan vere skilt og eleven bur saman med ein av desse, samt dens nye partnar/ektefelle/sambuar (steforelder). I slike tilfelle ønskjer gjerne den nye steforeldren å ta ein aktiv del i eleven sitt liv og skulegang.
Lova krev då at vi har ei fullmakt liggande frå båe foreldra med foreldrerett.

Døme: 
Jens bur saman med pappa John, og hans nye sambuar, Lise. Jens si mamma, Berit, bur i byen og har lite eller ingen dagleg kontakt med skulen. Lise fungerer i det daglege som "mamma" og ønskjer å delta på utviklingssamtalar, foreldremøter og liknande. Ho ønskjer også å bli oppført i skulen si sms-teneste. For at Lise skal kunne gjere dette, må skulen få eit skriftleg samtykke frå mamma Berit og pappa John som stadfester at Lise kan delta i heim-skulesamarbeidet på lik line som dei med foreldrerett. 

Fullmakt:
- Det er berre naudsynt med samtykke av den/dei av foreldra som har foreldrerett. 
- Det må i slike tilfelle bli dokumentert for skulen at den eine ikkje har foreldrerett. 
- Det må kome fram av samtykket kor lenge det gjeld, t.d. ut skuleåret eller ut skuletida.
- Samtykket kan sjølvsagt tilbakekallast ved seinare endringar i livssituasjon. 
- Det er tilstrekkeleg med samtykke på epost.

E-post kan de sende til skulen: marit.madsen@nissedal.kommune.no

Nissedal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke nissedal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk