Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst
Sist endret: 25.08.2017Kontaktavdeling: Eining for skule Kontaktperson: Sissel Bronken

Tidenes beste resultat i Nissedalsskulen


Utdanningsdirektoratet har i desse dagar offentleggjort resultatet av årets grunnskulepoeng for 10. klassingar.

Grunnskulepoeng er summen av alle avsluttande karakterar delt på talet karakterar (gjennomsnitt) og ganga med ti. 

Grunnskulepoeng nyttast som kriterie for opptak i vidaregåande skule.(Kjelde: U-dir)

Nissedal kommune toppar i år lista i Telemark med 44,9 poeng. Dette er eit svært gledeleg resultat.
I ein kommune med låge elevtal, vil det ofte vere store variasjonar i resultat frå år til år.

For dei fem siste åra ser resultata i Nissedal slik ut:

- 2013: 41,0
- 2014: 37,2
- 2015: 40,2
- 2016: 39,6
- 2017: 44,9

Grunnskulepoeng i Telemark ligg i år på 40,6, nasjonalt på 41,4.
I kommunegruppe 5, som er samanliknbare kommunar med vår, er resultatet 42,9.

Sissel Bronken
Einingsleiar skule

Smilefjes

Nissedal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke nissedal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk