Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Høyring - Forskrift om brannforebygging

Forslag til lokal forskrift om tilsyn med bygningar, område m.m. i alle Telemarks kommunar, er lagt ut på høyring.

17. desember 2015 blei det vedteke ei ny forskrift om brannførebygging, heimla i Brannloven 2002. Forskrifta skal bidra til å redusere fare for brann og konsekvensane brann kan få for liv, helse, miljø og materielle verdiar.

Dette forslaget er utarbeida i samarbeid med Porsgrunn, Skien, Notodden, Siljan, Bamble, Kragerø, Drangedal, Nome Bø, Sauherad, Tinn, Hjartdal, Seljord, Kviteseid, Nissedal, Fyresdal, Tokke og Vinje kommune.

Forslaget til lokal forskrift kan hentast på kommunehuset eller lastast ned her:

Saksframlegg

Forskrift om tilsyn med bygninger områder m.m.

For meir informasjon ta kontakt med Vest Telemark Brannvesen IKS på post@vtbv.no eller telefon 35 07 57 11.

Merknadar kan sendast til postmottak@nissedal.kommune.no

Merknadane merkast med Høyringsinnspel + Vest Telemark Brannvesen IKS


Frist for å komme med merknader er 23.06.2017.




Nissedal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke nissedal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk